Hareid kommune - logo

Hareid kommune - Media


  Hareid kommune -> web-tv

Web-tv frå møter i kommunestyret

Frå og med kommunestyremøtet torsdag 6.11.2008 vert alle møte i kommunestyret sende direkte over internett.
Vi sender ut ein videostraum på 1269 kbps i oppløysinga 640x480. Dette er ein ganske stor videostraum som set krav til ein stabil internettlinje hos de som ser på, men så vert også kvaliteten god.

NB! Dersom du nyttar oppringt samband mot internett (modem/ISDN), vil du ikkje ha tilstrekkeleg kapasitet til å følgje desse sendingane.
Også brukarar av mobile breibandsløysingar (t.d. "Mobilt bredbånd" frå Telenor) vil truleg ikkje kunne ta imot ein konstant videostraum, men oppleve ein god del hakking både i lyd og bilete. Vi arbeidar med å kunne tilby ein videostraum med lågare kvalitet for slike brukarar.

Når møtet vert tilgjengeleg her, vil alle sakene vere tilgjengeleg i menyen til venstre. Vi har då delt opp møtet etter saklista, slik at det skal vere enkelt å finne fram til det du vil sjå.

Web-kamera

Vi tilbyr også ein direktesend videostraum frå Hareid sentrum døgnet rundt! Denne finn du i menyen til venstre under "Hareid sentrum".

Denne er tilgjengeleg i to kvalitetar og storleikar, du vil motta den beste som di internett-linje tillèt!